Introduction: Garage Band På IPad - #6 Skriva Noter/MIDI

Du skal skriva inn songen "Twinkle, twinkle, little star" med notar på iPad-en din i Garage band.

Du treng:

1. iPad med Garage band

2. Skrivesaker (noko å skriva med)

3. Noko å skriva på

Du kjem til å få sjå nokre bilete som det kan vera lurt å skriva/teikne av for å sleppa å bla fram og tilbake på iPad-en.

Step 1: 1. Opna Garage Band

Opna garage band og velg keyboards

Step 2: 2.

Klikk på "hamburgeren" oppe til venstre for å få opp vindu med spor.

Tapp på det svarte ved sida av det grå feltet slik at du får opp REDIGER. Klikk på REDIGER.

Step 3: 3. Litt Musikkteori - Notenamn

Du får opp eit vindauge med eit piano på eine sida og ei "linje som går utover til høgre for kvar note/tangent på pianoet.

Dei ulike tangentane har ulik tone og difor har dei ulike namn. Du kan sjå namna på notane i biletet.

Når me skriv noter set me dei opp i linjer der plassen der dei står bestemmer kva for tone det er snakk om.

Lyse tonar er øvst og mørke nedst. Du kan sjå at C er mørkare enn E fordi den er lågare nede.

Step 4: 4. Musikkteori - Notelengde

Ikkje alle tonar skal spelast like lenge. Nokre er korte og nokre er lange.

Ein takt er eit slags avsnitt i musikken som i vår song varer 4 slag. Viss me spelar ein tone i alle dei fire slaga heiter det ein 4/4 note eller ein heil note. Om me berre spelar i eit slag kallar med den 1/4 note fordi den berre er ein del av "avsnittet" som er fire tilsaman.

Sjå godt på biletet og skriv det/ tekikn det gjerne av på eit ark du kan ha ved sida av deg når du skriv inn notar litt seinare.

Step 5: 5. Slå På Skriving Av Noter

Oppe i venstre hjørne er det ein glidebrytar med ein blyant på. Når den er grå kan du ikkje skriva inn nye notar, men du kan endra lengda på notane og flytta dei du allereie har.

PS! Om du er redd for å missa noter du har skrive inn passar du på at den er grå

For å skriva inn nye notar må du dra i blyanten mpt høgre slik at den er raud.

No kan du skriva inn nye notar.

  • Klikk for å setja inn ein note.
  • Klikk på ein note for å fjerna den
  • Hold på ein note for å flytta eller dra den lengre eller kortare

Step 6: 6. Taktar

I songen me skal skriva er det tolv taktar. Du kan sjå det på at det er tolv mellomrom mellom dei loddrette strekane.

Trykk på + i høgre hjørne for å endra takter. Bla opp til 12 og trykk + for å gå tilbake.

Step 7: 7. Skriv Inn Første Takt

I songen vår er det fire notar i første takt.

C-C-G-G

Alle dei notane er 1/4 notar (firedelsnotar) og skal berre ha ein firkant i garage band.

Step 8: 8. Andre Takt

Den andre takta har tre notar.

A-A-G

dei to første er 1/4 notar og den siste er dobbelt så lang (2/4) og skal difor trekkast ut to firkantar.

Spel av songen så langt og høyr om det høyrest rett ut.

Step 9: 9. Resten Av Songen

Fortset på same måten gjennom alle taktene.

Trykk FERDIG oppe i høgre hjørne når du er ferdig.

Step 10: 10. Screen Recording

Når songen er ferdig sveipar du nedover frå øvre høgre kant og du får opp dette biletet.

Trykk på knappen med ein prikk med ein sirkel rundt - spel av songen -stopp opptaket.

Step 11: 11. Gratulerer

Gratulerer! Du har fullført #6 i Garageband på iPad.

Har du kommentarar eller idear til forbetring kan du senda det til: reidvik@danielsensotra.no