Introduction: Garage Band På IPad - Mixing (in Norwegian)

No skal du læra korleis du kan bruka verktøya i garage band til å redigera musikken din.

Til denne oppgåva treng du:

  1. Ein iPad med garage band
  2. Skrivesaker
  3. Noko å skriva på

PS! Om du har tilgong til to skjermar (mobil, pc eller mac) kan det vera ein fordel slik at du slepp å bla så mykje.

Step 1: #1 Lyd Ut

Her kan du justera volumet på det sporet du har markert. Når du høyrer det i lag med dei andre spora du har laga må du justera det slik at det ikkje vert for dominerande og tek for mykje plass og heller ikkje slik at det forsvinn.

Du kan og panorera lyden. Dvs. At du kan bestemma kor mykje lyd som skal koma ut av høgre og venstre høgtalar. Det er kanskje best å gjera dette med hodetelefonar. Viss du tenkjer deg alle instrumenta du har brukt i melodien din så kan du bestemma om t.eks. Bassisten skal stå litt til høgre. Då justerer du panoreringa litt til høgre slik at du får litt meir lyd i høgre høgtalar. Viss du har glidebrytaren i midten kjem det like mykje lyd i begge høgtalarane. Gjer du dette med alle spora dine vil det høyrest ut som at alle "musikarane" dine står på same plassen.

Step 2: #2 Programtillegg

Komprimering er at dei høge lydane med plutseleg høgt volum vert klemt litt ned slik at det ikkje blir så stor forskjell i volum på sporet ditt. Dette blir oftast brukt når du har spelt inn td. Gitar.

Bass og diskant. Her kan du justera kor mykje du vil ha av dei mørke tonene (bass) og av dei lyse tonene (diskant). Dette er ein enkel equalizer (EQ)

Step 3: #3 Mastereffekter

Her kan du leggja på ekko og romklang. Begge desse gjer at du vil oppleva at du speler inne i eit stort eller lite rom. Ikkje bruk for mykje av desse.
Romklang (reverb) er med på å få musikksporet ditt til å høyrest ut som om det er nære eller langt borte. Brukar du mykje vil du flytta "musikarane" dine lengre bak i rommet, men om du har lite vil du plassera dei nærare deg.